You are currently browsing the monthly archive for juli 2008.
Bergen. I dag. Om nokre timar.
EG ER NERVØS!
Stig prøvde å vere morosam i dag. Eg har berre snakka om Bergensturen i heile dag, sidan det var det mest interessante å snakke om, så han sang “Eg ve fra Bergen, fra Bergen ØYEBLIKKELI” og påstod at eg kom til å seie det når eg var i Bergen.
Eg tvilar.
Eg går og er nervøs ein annan stad.
Sportsklubben Brann har i dag akseptert et bud fra franske Le Mans som gjør at Thorstein Helstad forsvinner fra klubben. (Kilde: brann.no)
Då eg fyrst fekk høyre om nyheita på TV2Sporten i dag så tenkte eg “TV2 er dumme, såklart vert ikkje Thorstein Helstad solgt. TV2 har misforstått heile driten”. Så sjekka eg innom ein del internettsider, og jaggu hadde TV2 rett. Då var fyrste tanken “Hæ? Nei! NEI! NEEEEEEEEIJ! Me treng Helstad! NEIJ! Ikkje selg Helstad!”. Denne tankjen er framleis primærtankjen min no. Me ser godt korleis det har gått no når Helstad har vore skada, sjølv om det er trist å innsjå det: Brann er avhengig av Thorstein Helstad. Såklart MÅ dette forandrast, og det hadde det måtta uansett om Helstad skulle selgast eller ikkje (han har trass alt ikkje så mange år igjenn på toppen). Men å gjere det så brutalt?
Thorstein Helstad er toppscorar i tippeligaen, både i år og i fjor, og no skal han vekk. I år har Thorstein Helstad scora 13 mål for Brann. Den neste på scoringslista er Winters, med 4 mål. Så har me Demba-Nyrén med 3. Mål er ikkje alt i ein fotballkamp, så klart, men ein vinn ingen fotballkampar utan å score mål. Rett og slett.
Medan Helstad skal til Frankrike får Brann inn Lynspelaren Ighalo. Eg har høyrt at han er litt god. Men eg trur ikkje han klarer å erstatte Helstad. Det skal det veldig mykje til, og Ighalo er veldig ung, framleis.
Håper likevel at Brann klarer å kjempe seg gjennom kampane, og at dei klarer å fungere uten Helstad. Det burde gå.
Eg ve te Bergen, ve te Bergen me det samme.
Som de kanskje veit så skal eg snart til Bergen. I Bergen skal eg *trommevirvel* BESØKE TORIL! Eg gler meg så grusomt! Det er ca eitt år sidan sist eg såg Toril, og det er grusomt lenge. Me har veldig mange planar for kva me faktisk skal gjere når eg kjem, så eg trur ikkje det vert noko problem. Største problemet vert vel å hugse alle planane. Me skal, til dømes, på fjellet, til byen (ikkje fisketorget) og me skal kjøpe skillingsbollar. Toril skal lage pizza. Me skal på Brannkamp. Det er mykje anne og, som me har planlagt, og mesteparten har eg vel gløymt allereie. Jess, hukommelse er verkeleg mi sterkaste side.
Toril fortel meg at Bergen er verdas nydelegaste by, og eg tvilar ikkje eitt sekund. Sjølv om fisketorget var…hrm…heller uinnbydande då. Eg har vore i Bergen berre ein gong før, og det var då me for på klassetur til Shetland. Då stoppa me ein time, eller to, i Bergen og venta på båten. Ein tur på fisketorget, ein matvarebutikk og McDonalds (eg gjekk ikkje inn der, så klart) var då påkrevd. Eg vonar at denne Bergensturen skal verte betre, og det trur eg den vert og.
Eg gler meg sånn.
Ja, det seier eg, til deg. For sidan du les dette har du tydelegvis entra mi verd. God dag, sitt ned. Her kjem eg til å skrive litt forskjelleg. For det meste oppdateringar om kva eg har gjort, og kva eg meiner om ting. For eg meiner det at heile verda kan ha godt av å høyre meininga mi.
Etter mi meining er nemleg det viktigaste i verda å dele meiningane sine. Eg skreiv ein stil om dette faktisk. Om at det er viktig å stå for det ein meiner. No var jo den sarkastisk og ramsa opp alle grunnane til at ein IKKJE skulle det då, men den gjorde nytta si. Så, om de likar meiningane mine er det flott, men det som faktisk er enda betre er om de er ueinige. I det minste litt. På denne måten får eg sjå fleire sider ved saka. I alle fall om du kommenterar.
