Eg har eitt stort sovehjarte, det vil seie at eg elskar å sove. Men å vere fornuftig har aldri vore mi sterkaste side. Eg har det nemleg med å legge meg seint, og det i seg sjølv er jo greitt nok, men problemet er at eg gjerne må tidleg opp om morgonen. Å stå opp er vel ein av dei tinga eg likar minst. I natt la eg meg i 2-tida eller noko, eg er ikkje heilt sikker, og det er jo ikkje så seint. Då burde det eigentleg vere nok søvn i løpet av ei natt. Men eg vil ha mykje søvn. Ikkje nok, eg vil ha mykje. Så då Thea (veslesyster) kom og vekte meg halv 10 kan du tenkje deg at eg vart sur. For det vart eg. Veldeg sur. Moralen er: Ikkje vekk meg.
Du såg at eg skreiv “& Tannfeen” og i tittelfeltet, ja? Også lurte du på om eg ikkje kanskje var litt for gammal til å tenkje på tannfeen? Du tenkte kanskje “Ho er 16 år, steik så barnsleg ho er.” Og at eg er barnsleg det skal eg ikkje nekte på, men eg trur nok ikkje på tannfeen. Tingen er at veslesyster (Idun) mista ei tann for ikkje så lenge sidan. Og HO trur på tannfeen. Ho trur at om ho legg ei tann i eitt eggeglas, med vatn, og let det ligge over natta så skal der vere en penge dagen etterpå. Problemet er då pappan vår. Han bryr seg eigentleg ikkje om slikt, så då Idun sa at ho hadde mista ei tann så sa han “Ja, så kast den då”. Då reagerte eg, såklart. Tannfeen er jo ting ein skal tru på når ein er små, så eg sa. “Nehei, ho skal ikkje kaste den, ho skal legge den i vatn, så kjem tannfeen og legg att ein tiar.” Så gjorde ho det.
Det var på laurdag. Kvar dag (av dei to dagane) har eg tenkt at “i kveld skal eg legge ein tiar i eggeglaset, og kaste tanna.” Problemet er at eg har gløymt det. Begge dagane. Så oppdaga eg at eg ikkje hadde småpengar. Er det då gale å ta ein tiar frå pappa og legge i eggeglaset?

3 comments
Comments feed for this article
juli 14, 2008 kl. 11:50 am
Lyset
Nei, da synes jeg det er helt riktig:) Du kan jo bare fortelle at du har gjort det etterpå, og så bør han være glad for at du orket å gjøre det
Og så blir alle glade
juli 14, 2008 kl. 2:01 pm
Lucky Wolf
Hrm…eg kan jo alltids prøve. Det er jo berre ein tiar. Er ikkje sikkert han legg merke til det eingong.
juli 14, 2008 kl. 2:32 pm
Lyset
Faren min brukte i alle fall aldri å legge merke til det om det mangla småpenger fra lommeboka hans