I dag (i går, i følge klokka mi) så var eg oppe klokka halv ni. Eller, vekkarklokka ringde då, og eg gjorde mitt fyrste forsøk på å stå opp kvart på 9. Klokka fem på 9 hadde eg komt meg ut av senga. Eg har ikkje godt av ferie, klarer jo ikkje å stå opp om morgonane. Klokka halv 10 så fór eg og bestefar ut med båten, som eg køyrde, for å drage inn garnet me hadde ut i går. Då me hadde fått den opp så for me til land att og skulle få alle fiskane lause frå garnet. Dette var svært vanskeleg, etter mi meining. Eg likar ikkje fisk. Grei nok å ete, men den er (i fare for å verke overfladisk og bimbo: ) ekkel. Me fekk veldig mange hestemakrell, som er ein fisk ein ikkje kan ete. Eller…ein kan ete den, men bestefar seier den ikkje smakar godt. Og bestefar likar nesten alt, så eg stolar på han der. Den har piggar. Det fann eg ut då eg tok godt grep rundt den.

Så over til noko HEILT anna. Stavangersk er verdas mest sjarmerande dialekt. Me har borna til syskenbarnet mitt på besøk. Det er Gard Nataniel, på 4 år, og Hedda Emilie, på 2 år. Dei snakkar stavangersk, og difor er stavangersk verdas mest sjarmerande dialekt. Ein unge på to år som seier “Store båden dro te borte” er nok til å sjarmere meg.

Idun fekk forresten ein tiar i eggeglaset sitt. Eg spurde pappa om eg kunne få ein tiar til det. XD

God natt