You are currently browsing the monthly archive for august 2008.
Enda ein sommarferie er over. Det er tilbake på skulen, denne gongen for å gå 2. klasse medium og kommunikasjon på Volda vidaregåande skule. Me byrja i dag, med ein dag som for det meste gjekk ut på å høyre på rektor.
I staden for ei veke med “vert-kjend-leikar” så skal me byrje rett på skuleguiden i morgon (vert-kjend-leikar er vel kanskje unødvendig når det ikkje er nokon nye i klassa?). Eg trur det vert…fælt, sånn eigentleg, men sånn er det jo.
Eg kjenner folk (Ragnhild og Toril) som går 1. klasse (Volda og Akademiet i Bergen) og eg trur eg er veldig glad for at eg faktisk går i Volda. Korleis Ragnhild har hatt det veit eg eigentleg ikkje så mykje om, men Volda verkar betre enn Bergens-tingen. PTFen deira er rar. Dei skal visst berre sitte og kope i klasserommet medan ein lærar passar på dei (trur Toril). Dei skal ha avis, men dei får ikkje skrive. Kva er vitsen då? Ein lærer såklart litt av å høyre på ein lærar, men betrakteleg mykje mindre enn om ein får prøve sjølv. Å lære av å prøve er best. Så kan ein heller få lære litt om avishistorie og sånn innimellom. Og såklart den omvende trekanten før ein byrjar. Og sånn.
Eg er heime frå Bergen. EG VIL TILBAKE! Det var så gøy! Eg saknar Toril! Eg saknar Bergen!
Eg har ikkje noko meir fornuftig å sei eigentleg, berre syte over kor mykje eg saknar Bergen.
Bergen ER faktisk nydeleg
Brann scora 4 mål utan Helstad!
