I dag har i bunn og grunn vore ein relativt flott dag.

Me hadde eigentleg samfunnsfag i 2 fyrste timane, men Didrik var sjuk, så eg bretta avis. Og lurte på kor mange aviser me eigentleg skulle ha. For bunken vart ALDRI mindre. Det verka i alle fall sånn for meg. Seinare hadde me engelsk, det var jo greitt. Me fekk bruke tida på stilen som skal leverast i kveld 23.59. Den byrja eg på i engelsktimane i dag, og vart ferdig i engelsktimane i dag.

Eg fekk publisert ein borgarjournalistartikkel på ABC Nyheter. Vart litt overraska over at det vart toppsak, med bilete og alt, men såklart glad. Stolt, faktisk. Eigentleg fordi det var morosamt å sjå mi sak ein annan stad enn i Svampen. Så eg tok likesågodt og sendte inn ein til eg. Og den og vart illustrert. Eg er litt stolt eigentleg.

Resten av skuledagen hadde me design, og der skjedde ikkje spesielt mykje interessangt. Me designa, og det var jo gøy.

Etter skulen har eg tenkt at eg skal lese til norskprøve, men det har ikkje vorte noko av. Får vel ta å gjere det etter eg har skrive ferdig denne posten tenkjer eg. Det er berre det at det er så keisamt stoff. Eg har brukt dagen på å filosofere på at eg saknar Linn og Toril. Mest Linn. Ikkje vondt meint mot Toril, men det er drittlenge sidan eg har sett Linn, og eg saknar henne ordentleg, ordentleg mykje. Dessutan er ho kona mi, sådetså. Eg får tårer i augene av å tenkje på det. På fredag kjem ho på besøk, også skal me på kino. Eg gler meg som ein unge.